Desse auga gjer netthandelen både enklare og sikrare
Handlar du på nettet? Ein ny funksjon i mobilbanken gjer no at netthandelen vert både tryggare og enklare med vårt Visa Kredittkort.
Du har kanskje opplevd at når du handlar på nettet og trykker deg vidare til betaling, så oppdagar du at kortet ditt ligg ein heilt annan plass? Frå no av treng du ikkje kredittkortet ditt tilgjengeleg ved betaling på nettet.
Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr no dynamisk CVV (Instant issuing). CVV er den tresifra koden på baksida av kortet ditt du må taste inn saman med kortnummer og utløpsdato.
Denne funksjonen gjer at du i mobilbanken kan sjå og kopiere kortnummeret og få tilgjengeleg ein mellombels CVV-kode. Denne koden er gyldig i tre timar og kan berre brukast ein gong.
Slik gjer du det:
1: Oppdater Mobilbank-appen til siste versjon dersom du ikkje har den.
2: Logg deg på mobilbanken.
3: Bla deg ned til Visa Kredittkortet og trykk på det.
4: Trykk på auget i venstre hjørne på kortet. Då vil heile kortnummeret bli synleg og du vil få opp ein CVV-kode. Ved å trykke på kortnummeret vil dette også bli kopiert.
2: Logg deg på mobilbanken.
3: Bla deg ned til Visa Kredittkortet og trykk på det.
4: Trykk på auget i venstre hjørne på kortet. Då vil heile kortnummeret bli synleg og du vil få opp ein CVV-kode. Ved å trykke på kortnummeret vil dette også bli kopiert.
Med dette enkle grepet kan du dermed handle på nettet med Visa Kreditt både enklare (fordi du ikkje treng å ha kortet fysisk tilgjengeleg) og tryggare (fordi CVV-koden berre er gyldig til éin transaksjon, og skulle kortdata kome i feil hender så vil ikkje CVV kunne brukast på nytt).
- Har du ikkje mobilbank? Her kan du lese meir om den og laste den ned på telefonen din.
- Meir om vårt Visa Kredittkort finn du her.
Siste frå meirennbank.no
Handballstjernene klare for turné – nesten 1000 påmeldt
Unge og håpefulle handballspelarar i Stryn, Dale og Florø får dei neste dagane besøk av to store handballstjerner.
Handballstjernene klare for turné – nesten 1000 påmeldt25. oktober 2024
– No skal ungane få boltre seg25. oktober 2024
– Dette er viktig å ta vare på22. oktober 2024
25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar18. oktober 2024