Desse auga gjer netthandelen både enklare og sikrare



Handlar du på nettet? Ein ny funksjon i mobilbanken gjer no at netthandelen vert både tryggare og enklare med vårt Visa Kredittkort.
Du har kanskje opplevd at når du handlar på nettet og trykker deg vidare til betaling, så oppdagar du at kortet ditt ligg ein heilt annan plass? Frå no av treng du ikkje kredittkortet ditt tilgjengeleg ved betaling på nettet.
Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr no dynamisk CVV (Instant issuing). CVV er den tresifra koden på baksida av kortet ditt du må taste inn saman med kortnummer og utløpsdato.
Denne funksjonen gjer at du i mobilbanken kan sjå og kopiere kortnummeret og få tilgjengeleg ein mellombels CVV-kode. Denne koden er gyldig i tre timar og kan berre brukast ein gong.
Slik gjer du det:
1: Oppdater Mobilbank-appen til siste versjon dersom du ikkje har den.
2: Logg deg på mobilbanken.
3: Bla deg ned til Visa Kredittkortet og trykk på det.
4: Trykk på auget i venstre hjørne på kortet. Då vil heile kortnummeret bli synleg og du vil få opp ein CVV-kode. Ved å trykke på kortnummeret vil dette også bli kopiert.
Med dette enkle grepet kan du dermed handle på nettet med Visa Kreditt både enklare (fordi du ikkje treng å ha kortet fysisk tilgjengeleg) og tryggare (fordi CVV-koden berre er gyldig til éin transaksjon, og skulle kortdata kome i feil hender så vil ikkje CVV kunne brukast på nytt).


  • Har du ikkje mobilbank? Her kan du lese meir om den og laste den ned på telefonen din.
  • Meir om vårt Visa Kredittkort finn du her.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024