Publisert 19. april 2024

Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket

Jordbruksoppgjeret er like rundt hjørnet, og landbruksbransjen har i år store forventningar om å bli løfta opp på same lønsnivå som industrien. I tillegg er målet å auke Noregs sjølvforsyning og matsikkerheit.
Denne veka behandla Stortinget ei ny Stortingsmelding om sjølvforsyning og inntekter i jordbruket. Målet er å auke sjølvforsyningsgraden frå 40 til 50 prosent av varer produsert i norsk jordbruk på norsk fôr. Landbruksnæringa støttar målet om å auke sjølvforsyningsgraden, men er likevel skuffa over vedtaka som no er fatta, i hovudgrunn fordi talgrunnlaget skaper forvirring.
Mange hadde i forkant håpa at partia skulle danne eit fleirtal for ein tidfesta opptrappingsplan av produksjonen, men det skjedde ikkje. I behandlinga av Stortingsmeldinga blei det blant anna vedteke å endre timetalet pr. årsverk frå 1845 til 1750 timar, mens målet om å tette inntektsgapet for bøndene innan 2027 blei nedstemt. Det ender med at bøndene sit igjen med usikkerheit og lite tryggleik.
– Når det er forvirring om talgrunnlaget, så er det klart bøndene blir forvirra også. Det er uheldig. Sjølvforsyning er viktig for landbruket og ei opptrapping er viktig, men det må gjerast på ein god måte i lag med bransjen. Det hjelper ikkje at Stortinget seier at det skal skje ei opptrapping utan at det ligg tydelege føringar på korleis det skal gjennomførast, seier Ørjan Skåden, bransjeansvarleg for landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane.


Varemangel og feilberekning

Tidlegare i år stod vi overfor mangel på basisvarer som mjølk og egg. Det blei mellom anna skrive mykje om norsk yoghurt som blei produsert med tysk mjølkepulver. Samtidig måtte norske mjølkebønder betale ei avgift dersom dei produserte for mykje mjølk.
– Varemangelen i vinter handla ikkje så mykje om sjølvforsyning, men meir om feilberekning av produksjon og etterspørsel hos Nortura og Tine. Staten bestemmer kvart år kor mykje bøndene skal få produsere og dei får tildelt kvotar deretter. Dersom bonden bommar på kvota, og produserer for mykje, må dei betale avgift på dette, forklarer Ørjan Skåden.
Eit slikt system gjer landbruket sårbart for endringar i vêr og økonomi, men det er også med på å ta vare på kulturlandskapet og busetting i distrikta. Utan dette systemet ville dei mest effektive og moderniserte gardsbruka fort utkonkurrert dei eldre gardsbruka.


Nye reglar vil krevje utbygging

Feilberekning og mangel på mjølk og egg i første kvartal av 2024 er éin ting, men landbruksbransjen har også andre, meir langvarige, utfordringar som må møtast.
Frå 1. januar i år er det innført krav om at kyr på bås skal luftast 16 veker i løpet av sommarhalvåret og få regelmessig mosjon resten av året. Dette er ei dobling frå dagens krav, og kan bli utfordrande for bøndene å klare med omsyn til vêr og klima i Noreg.
Det er også krav om sjuke-/kalvingsbinge for kvart påbegynte antal av 25 kyr oppstalla i lausdrift og båsfjøs for dei som driv med storfe, ammeku og mjølkeku.
I tillegg blir det krav om at all mjølk skal produserast i lausdriftsfjøs innan 2034. I Sogn og Fjordane er vi no på 65% oppfylling av dette.
– For å kome i mål her må det byggast 148 nye driftsbygningar med årleg snittproduksjon på 250.000 liter mjølk i Sogn og Fjordane dei neste 12 åra. Det vil seie vel 12 fjøs pr år. Utbyggingstakta på driftsbygningar er sentralt for å sikre mjølkeproduksjon framover, forklarer Skåden.
Han er bekymra for at fleire bønder vurderer å legge ned på grunn av auka bygge- og investeringskostnader.

– Mange bønder er skeptiske til å investere. Vi ser også mange som satsar og som har trua på at dette går bra. Innovasjon Norge gir auka tilskot på inntil 5,4 millionar til å bygge fjøs, og eit godt jordbruksoppgjer i fjor gjer at mange investerer, men vi er likevel langt unna 148 nye driftsbygningar, fortel Skåden.


Banken som støttespelar for landbruket

Landbruksnæringa, både nasjonalt og regionalt, er i stor endring og utvikling, og er prega av større driftseiningar og meir effektivisering. Storfeproduksjon med mjølk og kjøt er berebjelken i næringa i området vårt.

–Det som er spesielt her i regionen er at landbruket ikkje berre er ei næring, men ein livsstil og ein viktig kulturberar. Det er eit ansvar vi i banken tek på alvor. Landbruket er ei viktig næring for banken der landbrukskundane utgjer 9,8 % av den totale kredittportefølja på bedriftsmarknad, fortel Skåden.
– Vår rolle går utover å berre tilby finansielle tenester; vi er med på å forme framtida for landbruksnæringa i Sogn og Fjordane og har ei målsetting om å styrke landbruket sin posisjon som ein nøkkelaktør i samfunnet vårt. Ved å støtte berekraftige investeringar og samarbeide tett med bøndene, ønsker vi å legge til rette for ein robust og levedyktig landbrukssektor, seier Skåden.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024