Publisert 30. april 2024

Svak krone og fare for hetebølge skremmer ikkje:

– Nordmenn vil ha solgaranti

Med svak krone og høg rente, skulle ein kanskje tru at mange nedjusterte årets feriebudsjett. Men ifølgje bransjeansvarleg for reiseliv, skal det mykje til før nordmenn kuttar ferien.
– Nordmenn prioriterer ferie veldig høgt, og vi vil ha solgaranti. Det får ein ikkje i Norge, og då er det Syden som er destinasjonen for mange i sommar. Og det trass i at valutakursen er dårleg i nordmenn sin favør. Det overraskar oss i banken, og det overraskar reiselivsnæringa, seier Ørjan Skåden, bransjeansvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Ifølgje TV2 ligg flybestillingar frå Gardermoen 20 prosent over nivået på same tid i fjor. Dei mest populære reisemåla er Spania, Hellas og Kreta, og i tillegg litt billegare land som Albania og Montenegro. At fleire av desse i fjor var utsett for ekstrem hetebølge, ser ut til å vere gløymt.

Skåden meiner at mange som skal til utlandet i sommar, kanskje skulle tenkt seg om ein ekstra gong.
– Det er mange som eigentleg ikkje har råd, og som no bruker meir pengar enn dei tener. Det går på siste rest av sparekontoen for mange, seier han.
Det er store forventningar til årets lønsoppgjer, og Skåden trur mange blir litt for optimistiske litt for tidleg, og bestiller sydenferie som budsjettet ikkje har godt av. Han peikar på at sjølv med eit godt lønsoppgjer, er renta og prisane framleis høge. Også i utlandet.
– Å vere på tur i utlandet er dyrt på grunn av svak valuta fordi prisane der har stige med 30 % frå 2022 til 2023. Det er det mange som ikkje er klar over. Dette vil ein ikkje merke før ein kjem heim igjen, og eg trur det er fleire som vil gå på ein smell utover hausten etter ferien, seier Skåden.

Kjem til Norge for å kjøle seg ned

Han fortel at dei som derimot nyt godt av den svake krona, er norsk reiseliv.
– Ei svak krone betyr at vi får mykje besøk frå utlandet. I tillegg er Norge eit trygt land å reise i, og ikkje minst likar utanlandske turistar det norske vêret. Dei vil kjøle seg ned, og når det regnar kosar dei seg, då kan dei endeleg gå med bukse, seier Skåden.
Han fortel at bookingane frå utlandet så langt er veldig gode, og det gjeld både cruise, overnattingar og opplevingar.
– Næringa er tilbake igjen etter korona, men dei som gjennom pandemien satsa på å tilpasse seg norske turistar, gjer det dårlegare no. Dei som tilpassa seg utanlandske, gjorde det dårleg under korona, men gjer det godt igjen no. Vi ser heilt klart at det bør vere ein miks for å ha fleire bein å stå på, fortel Skåden.
– Asia-marknaden er stort sett tilbake, men vi merkar også at det kjem meir turistar enn vi har vore vant til tidlegare. Briksdalen klarer nesten ikkje ta unna. Der og fleire andre populære destinasjonar begynner det å bli sprengt kapasitet, og det er ikkje berekraftig. Det blir jobba med ein såkalla tolegrenserapport der det blir vurdert om vi må innføre grense for tal besøkande på visse dagar, forklarer Skåden.

Vil skape meir vinterturisme

Ein del av tiltaka er å satse meir på vinterturisme.
– Totalt sett gjennom året har vi underturisme, men på visse dagar om sommaren blir det for mykje. Bransjen tar grep for å spreie turistane utover og skape aktivitet resten av året også. Men det er heilt anna bransje å jobbe i, då er det ras og sikkerheit ein må ta omsyn til, og vinterturistane er ei litt anna målgruppe, seier Skåden.

I fjor stod cruiseturistane for 70 % av turismen i Nordfjord i fjor. Skåden er fullt klar over at cruise skaper ein del rabalder med tanke på utslepp og at det kjem veldig mykje folk på ein gang, ofte på veldig små plassar. Han ser likevel ei endring i bransjen og blant turistane.
– Det vil kome nye miljøkrav i 2026 som gjer at nokre båtar vil forsvinne. I tillegg er fleire utanlandske turoperatørar begynt å sette krav til bedriftene. Dei vil ikkje besøke destinasjonar som ikkje er miljøsertifisert. Dette tvinger bransjen til å gjere endringar.
Bransjeansvarleg, Ørjan Skåden

Miljøbevisste turistar

– Utanlandske turistar bur for tett, dei vil oppleve naturen. Dei vil reise til plassar som har tatt vare på naturen. Ein del utlendingar er meir miljøbevisste enn nordmenn, vi reiser mykje meir med fly og cruise, fortel Skåden.
Skåden trur det er mykje å hente for dei som gjer berekraftige investeringar.
– Som bank må vi jobbe med dei minste reiselivskundane, og løfte dei på berekraft. Det er ikkje alle som er einige at miljøtiltak er verdt å bruke pengar på, og nokre av krava kan verke litt rare. Dei store har tatt grep, og gjort mykje på energieffektivisering og sertifisering. Då får dei eit nøkkeltal som dei kan jobbe ut i frå slik at ein kan gjere nokre grep kvart år. Målet er å få fleire til å sertifisere seg, fortel Skåden.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Idrett og musikk i samspel

Banksjef Ole Aukland ved Florø-kontoret kunne ikkje funne ein flottare arena for å dele ut gåver enn i Eikefjord. For under Kongleriket-turneringa søndag vanka det pengar til både musikk og idrett i bygda.

Les heile saka
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024
Snart får dei ein stor Bjørnis6. mai 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024