FLOTTE OMGJEVNADER: Ole Aukland (i blått) tok turen til Eikefjord søndag for å dele ut pengar til Eikefjord IL ved Brigt Samdal og Eikefjord skulemusikk ved Tone Sandvik. Til venstre står Emil og Ida Marie, ungane til Tone.
Publisert 7. mai 2024

Idrett og musikk i samspel

Banksjef Ole Aukland ved Florø-kontoret kunne ikkje funne ein flottare arena for å dele ut gåver enn i Eikefjord. For under Kongleriket-turneringa søndag vanka det pengar til både musikk og idrett i bygda.
Med eit yrande folkeliv, med om lag 1000 unge fotballspelarar i alderen 6 til 9 år som bakteppe, fekk både Eikefjord skulemusikk og Eikefjord idrettslag kvar sin solide sjekk frå banksjefen til innkjøp av utstyr og instrumenter.
– Dette er kort og godt fantastisk. Med 50 000 kroner i gåve frå Sparebankstiftinga kan vi gå til innkjøp av nokre kornettar. Det har vi verkeleg trong for då mange av instrumenta våre har byrja å bli slitt. Dette vil hjelpe oss veldig mykje, seier leiaren i Eikefjord skulemusikk, Tone Sandvik.
I si mest hektiske førebuingstid til 17. mai hadde ho med seg ungane Ida Marie og Emil, og saman kunne dei ta imot sjekken på 50 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Desse gåvemidlane kjem frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane, og det er stiftinga som forvaltar desse pengane.

Kjøper utstyr

På same tid kunne banksjef Ole Aukland også rope fram leiaren i Eikefjord idrettslag, Brigt Samdal, og gje han ein sjekk på 100 000 kroner til innkjøp av utstyr til idrettshallen i Eikefjord. Og Samdal repliserte kjapt i mikrofonen føre dei mange hundre unge fotballspelarane.
– Når det er trong for støtte, så veit vi kor vi kan gå. Gong på gong stiller Sparebanken Sogn og Fjordane opp og støttar oss. No har vi teke eit økonomisk løft med å gje gratis treningsavgift til alle i bygda, og vi legg ikkje skjul på at vi har trong for pengar til innkjøp av meir utstyr i hallen. Så denne gåva kunne ikkje ha komme på eit betre tidspunkt enn no, sa Samdal rørt og takka banksjefen for gåva.

Under armen

– Det er ei stor glede å få komme hit til Eikefjord og dele ut gåver som vi veit det er trong for. Både skulemusikken og idrettslaget gjev gode aktivitetstilbod til alle i bygda, og då er det eit privilegium å få lov til å hjelpe til, sa Aukland og såg at dei to leiarane nøgd kunne rusle av bana med kvar sin store sjekk under armen.
Kongleriket-turneringane blir av mange kalla «Vårens vakraste eventyr», og med desse to utdelingane vart iallfall turneringa i Eikefjord på sundag ekstra vakker.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024