TURNERING: Heilt vest er dei klare for frisbee-fest! 70 deltakarar frå heile Vestlandet tar turen når Solund Sendebrettlaug 10.-12. mai arrangerer frisbeegolf-turnering. Til dette får dei 20 000 kroner frå bankoverskotet. Her er Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad og Torunn Mattson, banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Publisert 29. april 2024

Billettane vekkrivne på få minutt – no er dei klare for frisbee-fest!

– Vi er opptekne av å ha eit skikkeleg anlegg, og på den måten har vi sikkert blitt såpass populære, seier Håvard H. Mongstad. No er dei klare for turnering, der billettane for lengst er vekkrivne.
Tenke seg til. Billettar til Bruce Springsteen sine konsertar forsvinn på berre få minutt. Det same er tilfelle med turneringa i frisbeegolf, eller diskgolf, på Hardbakke i mai.
– Det gjekk berre ti minutt, så var alle dei 72 plassane bestilte. Og her er det snakk om jungel-telegraf og vår eiga Facebook-side. Så ingen tvil om at det går gjetord om turneringa vår. No kjem det faktisk deltakarar frå store delar av Vestlandet hit. Eg trur vi berre ser byrjinga, seier Håvard H. Mongstad om det populære diskgolfanlegget i den unike Solund-naturen.

Klare for festival

– Det er ikkje godt å vite kva som er utslagsgjevande for at folk vil hit. Sjølvsagt er diskgolf-festivalen 10.-12. mai viktig, men vi prøvar på same tid å skape fleire aktivitetar i samband med turneringa. Det blir musikktrio på Skafferiet, det blir god mat og vi legg vekt på det sosiale. Vi freistar ikkje med store pengepremiar, men eit symbolsk trofé til vinnarane, fortel Mongstad og legg ikkje skjul på at hans tilhøve til denne noko uvanlege fritidsaktiviteten grensar til lidenskapeleg.
– Under studietida mi opplevde eg at diskgolf var populært i dei store byane. Dette var ein aktivitet som alle kunne halde på med, og det var ikkje minst sosialt. Vi var ein vennegjeng som starta opp med å kaste på lyktestolpar her i bygda, før vi i 2015 skipa Solund Sendebrettlaug. Så har det gått slag i slag, eller rettare kast i kast, seier han.

22 korger

I dag kan vi sjå at det er etablert eit attraktivt område i terrenget rundt Solund Idrettspark. Her er det kunstgrasbane for fotball, klatrepark, skateområde, treningssenter, friidrettsanlegg og garderobar i nytt klubblokale.
– Og ute i terrenget har vi laga bane med nasjonal standard, med 22-korgsbane i «Draumeparken» og ei 9-korgsbane rundt fotballbana, «Idrettsparken». Helga 10.-12. mai arrangerer vi sanksjonert turnering på Hardbakke. Då kjem det til å yre her i bygda, og som arrangementsansvarleg så kjenner eg til dei krava som blir stilt med tanke på det banetekniske, fortel Håvard.

Rundt med ordføraren

Saman med Solund-ordføraren Gunn Åmdal Mongstad får Torunn Matsson, som er banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, høve til å teste ut denne idretten som er relativt lite utbreidd her i området.
– Eg ser at her er det lagt ned masse arbeid på dugnad for at anlegget skal vere så attraktivt som mogleg. Og det å konkurrere i ein så unik natur er ei stor oppleving. Dessutan blir det skapt mange ringverknader som vi i Sparebanken Sogn og Fjordane set stor pris på. Denne helga vil det garantert skje mykje i kommunen, seier Matsson og kastar sendebrettet i retning hol 3.
– Eg trur eg må legge meg i trening, ja, ler ho hjarteleg og gjev ein sjekk på 20 000 kroner til ordføraren. Som dessutan er mor til Håvard, som er ein av eldsjelene for diskgolf-aktiviteten i Solund.
Gåvesjekken på 20 000 kroner er frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane.
GÅVE: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad i Solund fekk æra av å ta imot gåva.
FLOTTE FORHOLD: I spektakulære omgjevnader vert det turnering 10.-12. mai.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.

Les heile saka
Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner14. mai 2024
Her lurer Bambi på kva som skjer14. mai 2024
– Millionane er eit viktig signal13. mai 2024
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024