SKAL OPPGRADERE: – Dette er kort og godt fantastisk, seier Stein Harald Hjeltnes om gåva på fem millionar kroner til Njøs frukt- og bærsenter. Her omflanka av direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Hallvard Klakegg (t.v.) og banksjef bedriftsmarknad i Sogn, Jan Petter Vadheim.
Publisert 13. mai 2024

– Millionane er eit viktig signal

Sjefen ved Njøs frukt- og bærsenter på Leikanger smilte frå øyre til øyre då han fekk besøk førre dagen. – Med denne gåva kan vi endeleg realisere moderne fasilitetar, seier Stein Harald Hjeltnes.
Sjefen ved senteret kan vise til at dei ved senteret sidan 2019 har jobba for å få ei sårt tiltrengt oppgradering, spesielt med tanke på bygningsmassen. I over 100 år har det vore drive utviklingsoppgåver innan frukt og bær på Njøs, og Njøs har i lang tid vore forskingsstasjon tilknytta Statens forstasjonar i landbruk, Planteforsk og Bioforsk. Sidan tidleg på 2000-talet har Njøs hatt eit langsiktig foredlingsoppdrag i frukt og bær frå Graminor. Graminor er ansvarleg for utvikling av plantesortar i Norge, og utviklinga av frukt og bær er lagt til Njøs.
– Vi har ein unik posisjon nasjonalt, og dette er sjølvsagt ein posisjon vi har lyst til å halde på. Men for å rekruttere nye og kvalifiserte medarbeidarar, så er det ingen tvil om at vi treng nye og moderne fasilitetar. Vi har bygd stein på stein her på Njøs, og no er tida inne for å få eit løft, seier Hjeltnes medan han får overrekt ein sjekk på ikkje mindre enn fem millionar kroner.
Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

I mål

Jan Petter Vadheim, banksjef for bedriftmarknad i Sogn, har saman med Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, teke turen til Leikanger. Det er ein heller hustrig vårdag og epletrea utanfor driftsbygningen har så vidt begynt blomstringa.
– Dette er kort og godt fantastisk. Vi hadde eit totalbudsjett på om lag 25 millionar, og med hjelp frå staten, fylkeskommunen og utlysing av aksjar, så mangla vi seks millionar kroner. Når så Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vil støtte oss med fem millionar, så er vi omtrent i mål. No treng vi berre ta opp eit lån på den siste millionen, fortel Hjeltnes.
Han held fram:
– Det er kritisk for senteret og verksemda vår at vi får eit tidsmessig og moderne bygg. Vi ser det spesielt i samband med at det kan vere vanskeleg å rekruttere nødvendig fagfolk her. Det er få som utdannar seg i sektoren. Det gjeld både akademisk, men også praktisk gartnarfagleg. Og ut frå dei signala vi har fått, så vil eit tidsmessig bygg og teknologi vere heilt avgjerande, seier Hjeltnes og viser til at dei håpar å starte byggeprosessen på nybygget raskt.
– Vi har allereie hatt kontakt med entreprenør, og over helga kjem dei tilbake. Med desse fem millionane på plass kan vi sette i gang arbeidet kjapt, seier leiaren ved Njøs.

Viktig institusjon

Duoen Vadheim og Klakegg seier at dei ser på Njøs frukt- og bærsenter som ein viktig institusjon. Ikkje berre lokalt lokalt, men også nasjonalt og faktisk internasjonalt.
– Den forskinga som vert utført her betyr utruleg mykje for mange, og dette er ein prosess vi har fulgt nøye i lang tid. Njøs har eit viktig samfunnsoppdrag, og dette må sjølvsagt vidareutviklast. Difor er vi svært glade for at denne gåva er utslagsgjevande for at no kan dette viktige arbeidet halde fram. Arbeidet som Njøs står bak angår veldig mange då Sogn og Fjordane har lange tradisjonar som eit bær- og fruktfylke. I tillegg til den frivillige sektoren, gjev stiftinga støtte til forsking, utdanning og overordna næringsutvikling. Det er difor fantastisk å oppleve at denne gåve kan utløyse heile prosjektet, og at no kan det praktiske arbeidet ta til, seier Klakegg.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024