Publisert 25. april 2024

Slik tar du vårsjekken på økonomien din

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

1. Lag eit oppdatert budsjett

Første steg på vegen mot økonomisk suksess er å få oversikt over inntekter og utgifter. Sett opp eit budsjett som viser kor mykje pengar du har å rutte med kvar månad, og korleis desse pengane blir fordelt på ulike utgifter som mat, husleige, straum, og sparing.

2. Gå gjennom faste utgifter

Ta ein kritisk gjennomgang av alle dine faste utgifter. Kan du få ein betre avtale på forsikringane dine? Er det mogleg å senke kostnadane på abonnement og medlemskap du ikkje lenger nyttar? Ved å reforhandle eller kansellere unødvendige utgifter kan du spare ein god slump kvar månad.

3. Betal ned gjeld

Våren er ein god tid for å sette seg eit mål om å betale ned gjeld. Start med å fokusere på gjeld med høge renter, som kredittkortgjeld. Ved å redusere gjelda di, reduserer du også den totale kostnaden over tid.

4. Sjekk sparing og investeringar

Gå gjennom spare- og investeringskontoane dine. Er sparinga di på rett spor med tanke på måla dine? Vurder å justere sparemåla dine eller investeringsstrategien din om nødvendig. Sjekk også om det er mogleg å auke spareandelen din.

5. Planlegg for uventa utgifter

Ingen veit kva framtida vil bringe, så det er viktig å være førebudd på uventa utgifter. Sett opp ein bufferkonto for å takle plutselege hendingar som bilreparasjonar eller tannlegekostnader. Å ha ei økonomisk pute å falle tilbake på kan gi deg tryggleik og ro i sinnet.

6. Rydd og sel unna

Har du gjort unna vårsjekken på huset ditt, både innvendig og utvendig, har du kanskje kome over ting i skapet og boden som ikkje er i bruk lenger. Sel unna det du ikkje bruker, som andre kan få glede av. Mange små salsbeløp, kan fort bli ein hyggeleg sum på kontoen.

7. Bestill ferien med kredittkort

Gira på sol og sommar? Bestiller du ferien med kredittkortet har du gratis reise- og avbestillingsforsikring når meir enn 50 % av reisa er betalt med kortet. I tillegg får du cashback noko som kan bidra til å redusere feriekostnadene. Og så er det lurt å betale ned kredittkortrekninga i tide for å unngå rentekostnader.

8. Ta i bruk BankID-appen

Bruker du BankID med kodebrikke eller BankID på mobil? BankID-appen erstattar BankID på mobil, og er enklare og tryggare i bruk enn kodebrikka. Last ned appen i dag og kom i gang.
Med desse enkle stega kan du ta kontroll over privatøkonomien din. Så kvifor ikkje starte våren med å ta ein grundig sjekk på økonomien din i dag?

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024