Publisert 19. desember 2023

– Eg trudde alle stipenda var delt ut

– Før kampen mot Førde i helga hadde eg sjekka nettsida til Sparebanken Sogn og Fjordane, og såg at det var delt ut åtte Furorestipend i år. Då slo eg frå meg tanken på at eg kunne få stipend i år. Derfor vart eg tatt på senga då namnet mitt vart ropt opp i Øyrane Arena laurdag, smiler Øystein Løken Bergum.
28-åringen frå Førde søkte for første gang i år om Furore-stipendet, og vedgår at då banksjef for privatmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, Lars Solnørdal, ba han komme fram på bana i pausa mellom andre og tredje sett, så forstod at han var tatt på senga.
– Ja, då vart eg tatt på senga, men det var desto kjekkare å få stipendet på den måten. Når vi på Koll dessutan er det første laget som har slått Førde i år, så vart det ein stor dag, smiler førdianaren som i ein lekk i si eiga karriere skifta frå Førde til Koll for nokre sesongar sidan.

Flytta til Oslo

– Etter at eg hadde studert ferdig, så flytta eg frå Førde til Oslo. Her har eg fått meg jobb i Multiconsult, og forloveden min spelar også volleyball, på Koll sitt damelag. Så akkurat no er det lite sannsynleg at vi flyttar til Førde med det første. Men kven veit om framtida, ler 28-åringen som spelar libero på Koll sitt topplag. Dei slo altså Førde på laurdag, og skal også spele cupfinale i januar månad.
– Eg valde å spele for Koll då det også er fleire tidlegare Førde-spelarar på laget, og laget er også det beste i Oslo. For eg skal vel ikkje leggje skjul på at etter at eg har fått orden på skadeproblematikken min, så har eg ambisjonar på det norske landslaget, seier førdianaren etter at sjekken på 50 000 kroner er motteke.

Mot EM

– Dei siste landskampane i dei siste åra har eg spelt mesteparten av tida, og er nok ganske fast på laget. No blir det EM-kvalik til sommaren 2024 og sommaren 2025 med tanke på å kvalifisere seg til EM i 2026. Det er ikkje til å leggje skjul på at det er målet, seier førdianaren og takkar audmjukt for stipendet.
– Det var utruleg overraskande å få stipendet når eg no var på snartur heimom rett føre jul. Dette er motiverande med tanke på vidare satsing på volleyball, avsluttar årets siste Furorevinnar.

Til jubel

Furorestipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Furorestipendet er stiftinga sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15 til 30 år) i kategoriane kultur, idrett og «opa klasse». Stipendet er på 50 000 kroner.
– Det var utruleg kjekt å gje Furorestipendet til Øystein Løken Bergum. Og sjølv om han spelar for oslolaget Koll for tida, så var jubelen frå innpå eit halvt tusen sunnfjordingar på tribunene eit teikn på at dette var ein verdig, og lokal, vinnar av Furorestipendet, seier Lars Solnørdal etter utdelinga.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024