Publisert 7. desember 2023

No blir det betre tursti på Atløy

Fjelltrimgruppa i Atløy IL får 70 000 kroner i gåve til å lage tursti ved Tvibergsundet. No står dugnadsgjengen klare å sette i gang arbeidet i løpet av våren.
– Vi ser behovet for å tilretteleggje for fleire turstiar og møtestader som kan nyttast av turgåarar i alle aldrar. Friluftslivet er ein viktig del av folkehelsa og ein uformell møteplass, seier Vårdal.
I sommar stod friluftscampen klar. Der er det mogleg å henge opp hengekøyer, det er tilkomst frå kajakk og sti, og det er plass til å slå opp telt. No er målet å gjere framkomsten endå betre og senke terskelen for å kome seg ut. Stien skal gå frå Herland til Tvibergsundet.
– Atløy har ein unik og mangfaldig natur med sentral plassering på vestlandskysten. Vi har mange turstiar til flotte fjelltoppar på Atløy og nokre turstiar i «låglandet».
Kunderådgjevar Linda Vilnes fekk æra av å overrekke pengegåva på 70 000 kroner.
– Det er kjekt å bidra til dette populære turområdet. Å få ein breiare sti ut hit, gjer at endå fleire kan bruke naturen, seier ho.
Pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.
– Planen framover er også å etablere ein padlehuk, men det blir eit eige prosjekt seinare, fortel Vårdal.
– No gler vi oss til å samle dugnadsgjengen. Vi er gode på dugnad her ute, det er lett å få folk til å stille. Det er veldig sosialt, og det er kjekt å sjå resultat av alt vi får til, seier Vårdal.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Juvelen er det frivillige arbeidet

Sjekk den gode stemninga! Eit 20-tals personar i alderen 18 til 30 år var med på den andre samlinga for «Unge eldsjeler». Desse ungdomane kan vere framtidas nav i frivilligheita i Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Juvelen er det frivillige arbeidet15. februar 2024
Fylte Førde med fotball og glede4. februar 2024
Vil gjerne ha mange søknadar26. januar 2024
Søk om draktsett til miniputtane!17. januar 2024