Publisert 7. desember 2023

Startar kursserie for unge kunstkritikarar

Jakob Sande-senteret i Dale får 200 000 kr i gåve til kursserie som skal utdanne unge kunst- og kulturkritikarar. – Eit viktig løft å gjere dei trygge i meininga si og i nynorsken, seier dagleg leiar Rakel Wilhelmsen Solheim.

Prosjektet er ei kursrekke for unge stemmer, med eit mål om å lære opp fleire tydelege kritikarstemmer innan kunst og kultur.

– Det er eit stort behov for eit mangfaldig og kritisk rom for kulturstoff, forteljekunst og debatt som har hovudsete i distrikta. Vi ønsker å bygge distriktskompetanse innan kunst- og kulturkritikk, på ein måte som tek omsyn til dei spesielle føresetnadane for uavhengig journalistikk på små plassar. Vi vil få fram nye stemmer, andre sjangrar og ei plattform for at fleire kan kome til orde, også med forteljingar som ikkje fyller dagspressa sine krav til aktualitet, seier Wilhelmsen Solheim.

Viktig med eit ope debattmiljø

Ved å knyte saman energi og erfaring, og å gi kursdeltakarane kvar sin mentor, ønsker dei at kursserien skal bli ei satsing på dei unge, på nynorsken og på allsidige forteljingar frå bygda.

– Det å få fram ulike stemmer har også eit demokratisk aspekt. Det er viktig for ytringsfriheit og ein open og sunn debatt. Det må vere lov å vere ueinig og å meine noko anna enn alle andre. Vi vil gjere dei trygge i meininga si, stå for det dei seier og skriv, seier Wilhelmsen.
Kurset skal starte opp til våren og Jakob Sande-senteret vil dra nytte av eit stort nettverk nasjonalt. Det vil vere eit samarbeid mellom Tekstallianse, Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen (NKD), Teaterfestivalen i Fjaler, United World College i Flekke (UWC RCN), PreForm, Samvirke, Den Mangfaldige Scenen i Oslo og Rom for ord.
Pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.
Banksjef i Dale Torunn Mattson fekk æra av å overrekke gåva.
– Det er heilt klart viktig for oss å vere med å støtte prosjekt som fremmer likestilling og ytringsfriheit. Vi treng fleire som torer å seie meininga si, og dette er eit svært spennande prosjekt. Det er flott at dei vil skape ein kursserie som set nynorsk så høgt, seier Mattson.

Regionale sommarvertar

Wilhelmsen fortel at senteret kvart år tilset seks sommarvikarar. Ho håpar og trur at kursdeltakarane vil kapre nokre av desse stillingane, og at dei kan i tillegg kan fungere som sommarvertar i heile regionen.

–Dei kan dekke alt frå Astrup til Sande til Eikås. Dei kan skrive om noko dei opplever, må ikkje vere ei bok eller eit teaterstykke. Her er mange ulike kunstuttrykk dei kan bli eksponert for. Teaterfestivalen har arbeidd mykje med å få opp eit prosjekt med Unge stemmer, og etablert eit rikt nettverk, som dette kan vere ei forlenging av, seier ho.

Eiga spalte i tidsskriftet Jaja

Tidlegare i år starta senteret opp tidsskriftet Jaja, som skal styrke og utvide refleksjonskulturen, få fram nye stemmer og forteljingar og stimulere tenking, samtale og debatt om kultur.
–Tidsskriftet ønsker å skape ei eiga spalte i tidsskriftet, der kursdeltakarane vil lære om redaksjonelt arbeid. Og løfte kritikken i eige tidsskrift, men samstundes og undervegs i det arbeidet vil det opne eit rom for fleire ytringar som spreier seg nasjonalt, seier ho.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024