Publisert 5. desember 2023

Milliongåve til villakssenteret

– Med denne millionen på plass, kan vi starte opp arbeidet med å ferdigstille utstillingane. Dei skal stå ferdig i juni 2024, seier ein svært glad Alf Olsen jr. ved Nasjonalt Villakssenter i Lærdal.
På same dag som eit aggregat svikta i eit av Østfold Energi sine kraftverk i Lærdalselva og gjorde at vasstilførselen i elva vart kraftig redusert, så dukka banksjef Jan Petter Vadheim i Sparebanken Sogn og Fjordane opp med ein sjekk på ein million kroner til villakssenteret. Pengar som skal gå til å ferdigstille utstillingane ved formidlingssenteret.

Viktig oppgåve

– Det som har skjedd i elva i dag viser berre kor alvorleg situasjonen er for villaks-bestanden. Lærdalselva er freda for laksefiske fram til og med 2025-sesongen. Vi arbeider for å etablere ein god dialog med forskjellige partar for at villaksen skal kunne sjå ei lysare framtid i møte. Viss ikkje, så kan eg ikkje garantere at barnebarna mine kan oppleve villaksen i Lærdalselva i framtida, seier Alf Olsen jr, som sjølv er femte generasjon med kleppar i denne verdskjende lakseleva.
– Vi er på kanten av stupet. Verdien av det vi har vore tydeleg når det står i fare for å forsvinne. Eg forstod det då gyroen kom i 1996, og då store deler av Lærdal forsvann i storbrannen i 2014, seier Olsen og er svært glad for pengegåva. Pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar og kvart år deler ut fleire millionar i gåver til gode formål.

Klart til sommaren

– Vi håpar at det skal vere mogleg å realisere desse planane og at utstillinga er ferdig i juni 2024. Dette er noko som vil få stor betydning for lokalsamfunnet i Lærdal, seier Jan Petter Vadheim og vert støtta av både Alf Olsen jr. og rådgjevar Åge Flakk, som er nytilsett rådgjevar ved villakssenteret i Lærdal.
Første del av utstillingane vart opna i juni 2023, og både kong Harald og kronprins Håkon har vore innom senteret i år medan dei har vore i Lærdal. Dessutan viser kundeteljaren at innpå 10 000 personar har besøkt senteret det siste året, og at samarbeidet med Norways Best opnar opp for at mange asiatiske kunder i framtida tek turen innom.

Spennande utstilling

– Norge har eit internasjonalt ansvar for den atlantiske laksen, som dessverre er på raudlista. Det er mange faktorar som ligg bak den negative utviklinga til villaksen, og vi føler det er svært viktig å formidle kunnskap til befolkninga om situasjonen. Den nye delen av utstillinga, som totalt er på 1330 kvadratmeter, skal ta for seg tema som forsking, forvaltning, politikk og framtid. Med ein million frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser vi verkeleg at dette er fullt mogleg å få realisert det komande halvåret. Vi har sikra oss lokal arbeidskraft, som kan gå i gang med dette viktige arbeidet. Dette er kort og godt ei julegåve på førehand, seier Olsen og Flakk ved Nasjonalt Villakssenter i Lærdal medan dei viser banksjef Vadheim rundt om i eksisterande utstilling.

Viktig for framtida

Og som banksjef Jan Petter Vadheim understrekar:
– Utviklinga ved villaksenteret vil gje betydelege ringverknader lokalt, i form av arbeidsplassar og auka omsetnad. Denne satsinga vil gje større aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping og vil heilt klart styrke sogneregionen som eit attraktivt reisemål. Dessutan er desse utstillingane svært viktige med tanke på å lære opp skuleelevar på samspelet i naturen, seier Vadheim og gjev sjekken på ein million til Alf Olsen jr. og Åge Flakk.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024