Publisert 14. desember 2023

Økonomiske spådommar for 2024

Korleis er utsiktene for den norske økonomien i det nye året? Arne Sæterbakken er leiar for finansavdelinga vår og har god innsikt på rente, inflasjon, straumprisar og bustadmarknaden.

For å ta den gode nyheita først: Sæterbakken er meir optimist no enn for eit år sidan, og han har god tru på at norsk økonomi vil greie seg bra framover, trass i at Norges Bank nok ein gong sette opp renta torsdag 14. desember. Det grunngjev han med følgjande:
– Den største endringa er at vi med sikkerheit no kan seie at rentetoppen er nådd. I tillegg er inflasjonen på veg ned på grunn av avtakande prisauke på varer og tenester. Dette gjer økonomien meir forutsigbar både for næringslivet og privatpersonar, seier Sæterbakken.
Likevel er han klar på at mange kjenner på større økonomiske bekymringar no enn for eit år sidan, og at desse vil oppleve ei utfordrande tid framover. Men også her trur han det vil bli betre mot slutten av det nye året.
– Det viktigaste bidraget for folk flest er at dei har arbeid, og det er lite som tyder på ei kraftig auke i arbeidsledigheita framover. Prognosane for 2024 syner at vi får eit bra lønnsoppgjer og at vi mot slutten av neste år mest truleg vil få rentenedgang, forklarer Sæterbakken.

Krig gir høge straumprisar

Mange bustadeigarar har aldri opplevd rente over 3 %, vi har aldri måtte tenke noko særleg over straumprisar og varer og tenester har generelt hatt overkommelege prisar. Men så braut krigen i Ukraina ut, og endra det sikkerheitspolitiske bilete over natta. Det har medført at Europeiske statar i større grad enn tidlegare må investere i våpen og infrastruktur for handtere energitilførsel.
– Gassprisane auka på grunn av restriksjonar på russisk gass som isolert gir eit underliggande inflasjonspress. I tillegg måtte europeiske land investere meir i militært utstyr og infrastruktur for alternative energikjelder og gassforsyning som gir eit høgare aktivitetsnivå i europeisk økonomi og dermed eit underliggandeinflasjonspress. Inflasjonen var aukande før krigen braut ut, men har forsterka inflasjonspresset i Europa og dermed også rentene, forklarer Sæterbakken.
Korleis påverkar dette vanlege folk sin økonomi her i Norge?

– Krigen i Ukraina har så langt hatt størst økonomisk påverknad på energiprisane på gass i EU. Krigen medførte at gassprisane skaut i vêret og får innverknad på oss i Norge gjennom auka straumprisar. I vinterhalvåret må vi importere mykje straum frå EU og utgangspunktet for prisen på importert straum er gassprisen, seier Sæterbakken.

Bruker av oppspart buffer frå pandemien

Åra med pandemi skapte unntakstilstand, men økonomien stod seg godt. Fordi vi ikkje kunne bruke pengar på reiser og opplevingar, samstundes som bustadrentene var rekordlåge, putta vi meir pengar på sparekontoen.
– I takt med auka renter har privatpersonar gradvis nytta desse oppsparte midlane til handtere kostnadsauken og rentehevingane det siste året. No er det samla sparevolumet om lag på nivå med sparebehaldninga vi hadde før korona og mange må no tilpasse forbruket for å få endane til å møtest, seier Sæterbakken.

Forventar fall i bustadprisane og kvalitetsbevisste kundar

Næringslivet har opplevd krevjande tider, og 2024 vil ifølgje Sæterbakken bli om lag som noverande år. Han trur framleis det blir svak vekst i omsetnad, marginpress og kundar som krev meir i form av fornying, kundeservice og kvalitet.
– Det vil vere stor variasjon innanfor kva del av næringslivet ein representerer. Svak krone vil gje turistnæringa auka interesse frå utlandet, medan næringar som bil, bygg og anlegg og dyre konsumentvarar vil få eit utfordrande år med tanke på at kundane ikkje nødvendigvis prioriterer ny TV eller bil det neste året, seier han.
Kva er ditt råd til dei som er bustadjakt eller skal selje bustad i 2024?
– Det viktigaste rådet er å tenke langsiktig og ikkje tru på kortsiktig gevinst ved hyppige transaksjonar i bustadmarknaden. Utsiktene tilseier eit lågt til moderat fall i bustadprisar i 2024 utan at det er forventa noko dramatikk i bustadmarknaden. For dei som skal selje må ein vere førebudd på at det tar litt lengre tid å få selt, men eg trur omsetninga i bustadmarknaden vil ta seg opp når Norges Bank har signalisert at rentetoppen er nådd, avsluttar Sæterbakken.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Juvelen er det frivillige arbeidet

Sjekk den gode stemninga! Eit 20-tals personar i alderen 18 til 30 år var med på den andre samlinga for «Unge eldsjeler». Desse ungdomane kan vere framtidas nav i frivilligheita i Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Juvelen er det frivillige arbeidet15. februar 2024
Fylte Førde med fotball og glede4. februar 2024
Vil gjerne ha mange søknadar26. januar 2024
Søk om draktsett til miniputtane!17. januar 2024