GOD STEMNING: Humøret og engasjementet var upåklageleg då dei unge eldsjelene var på Langeland.
Publisert 15. februar 2024

Juvelen er det frivillige arbeidet

Sjekk den gode stemninga! Eit 20-tals personar i alderen 18 til 30 år var med på den andre samlinga for «Unge eldsjeler». Desse ungdomane kan vere framtidas nav i frivilligheita i Sogn og Fjordane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, og saman med ViteMeir har stiftinga teke initiativ til «Unge eldsjeler». Det er eit utviklingsprogram som skal gje unge eldsjeler både inspirasjon og kunnskap.
Sist helg deltok ungdom frå heile Sogn og Fjordane, frå Måløy i nordvest til Øvre Årdal i søraust, på den andre samlinga i dette prosjektet. I Førde fekk dei mellom anna lære om livskraftige småsamfunn (Viksdalen), Dans utan grenser, Fjellsportfestivalen i Sogndal, VM i vektløfting, Teater i særklasse (Teater Vestland), berekraft (NFF Sogn og Fjordane), samt marknadsføring og kommunikasjon. Dessutan orientering om tilskotsordningar for det frivillege arbeidet.

Breitt spekter

På deltakarlista på det første utviklingsprogrammet til «Unge eldsjeler» finn vi deltakarar med røter i ulike grupperingar i idrettslag, blindeforbund, studentorganisasjonar, KFUK/KFUM, skyttarlag, ungdomslag, 4H-grupper, skulemusikkrørsla og gatekunstnarar. Alle med eit sterkt ønske om å engasjere seg i det frivillige arbeid i sitt nærområde.
Under evalueringa etter den andre samlinga gav deltakarane klare tilbakemeldingar på at samlinga var inspirerande og at innlegga som vart presenterte var relevante for den jobben desse ungdommane har planar om å gjere.
I tillegg til førelesningar var det også lagt vekt på samarbeidsøvingar kor deltakarane saman skulle løyse praktiske oppgåver.
INSPIRERTE: Desse var blant dei som prata til dei unge eldsjelene. F.v.: Rolf Kjetil Egge (VM vektløfting 2025), Kamilla Marifjæren (Fjellsportfestivalen i Sogndal), Karsten Løvlid (Viksdalen Nærmiljøråd) og Rasmus Mo (tilretteleggar for samlinga).

Viktig helg

– Eg trudde ikkje det var mogleg å få så mykje motivasjon etter ei langhelg. Her har vi fått masse reell kunnskap som vi kan ta med heim til lokalmiljøa våre, understreka ein av deltakarane under avslutninga i Teater Vestland sine lokale søndag.
No skal dette første kullet i «Unge eldsjeler» ha ei siste samling i utdanningsprogrammet med aktiv deltaking i «Målrock» i Øvre Årdal i juni. Her skal deltakarane gå inn i forskjellige oppgåver som frivillige under musikkfestivalen, og på den måten kjenne på kroppen korleis ein slik type frivilleg arbeid vil vere.
– Dei to første samlingane i «Unge eldsjeler» har fått meg til å tenke på kva frivillegheit er. Kva kan eg gjere for å hjelpe andre. På mange måtar er vi representantar for viljen til å skape noko lokalt. Det er eit privilegium vi har, fastslo ein av deltakarane under oppsummeringa av samlinga.

Andre år

Det er eigarstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane som finansierer utviklingsprogrammet, og Yngve Thorsen i sparebankstiftinga understrekar at frivilleg sektor er sjølve juvelen i lokalsamfunna våre i Sogn og Fjordane.
– Ingen er betre til å skape aktivitet, samhald, integrering, trivsel og bulyst enn dei frivillege organisasjonane. Det er eit konstant behov for å rekruttere og motivere nye eldsjeler til dette viktige arbeidet framover. Vi håpar derfor at slike samlingar skal vere med på å bidra til det, og at unge eldsjeler får ein møteplass for å bygge nettverk, dele erfaringar, få inspirasjon og bygge kompetanse, seier Thorsen.
Vi satsar på oppstart av eit nytt kull til hausten, og at vi i løpet av våren vil offentleggjere påmelding/søknad til eit nytt år med «Unge eldsjeler». Følg med på nettsida til «Unge eldsjeler».
Nokre bilder frå samlinga:

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024