IPS står for individuell pensjonssparing og er eit gunstig spareprodukt for deg som vil spare til din eigen pensjon, og samtidig redusere skatten din kvart år du betalar inn på IPS. Du binder sparepengane på IPS til pensjonsalder og utbetalinga må fordelast over 10 år, eller lenger - om du vil.

Viktig å vite om IPS

  • Du kan spare inntil 40 000 kroner i året.
  • Du får utsett skatt på inntil 8 800 kroner eller 22 % av årleg sparebeløp.
  • Utbetalinga blir skatta med same sats som frådraget.
  • Ingen formueskatt av sparebeløpet og avkastinga.
  • Pengane blir utbetalt frå pensjonsalder, og tidlegast frå 62 år, og må gå over minst ti år. IPS kan ikkje avsluttast før ved fylte 80 år.
  • Ved død blir kapitalen utbetalt til barn under 21 år som barnepensjon eller til ektefelle/sambuar som etterlattepensjon.

Fleksibelt og enkelt

Du kan sjølv sette saman di eiga sparing med den samansetninga du sjølv ønsker. Dersom du ikkje vil ha aksjar i sparinga di, kan du velje reine rentefond med svært låg risiko. Du kan også velje sparing med berre aksjefond dersom det passar best for deg. Du kan endre fondssamansetninga di når du ønsker det, heilt kostnadsfritt.

Ting folk lurer på