Pensjonssparing er noko som ein bør starte å tenke på tidleg, men som aldri er for seint. Pengar du set av no vil kome godt med den dagen du pensjonerar deg. Individuell pensjonssparing (IPS) passar for deg som vil binde sparepengane til pensjonsalder og som i dag har skattepliktig inntekt. 
Spareavtale i fond er eit meir fleksibelt alternativ, men gjev ingen skattelette. Du kan spare i fond både med og utan ein aksjesparekonto i botn.

Fleksibelt og enkelt

Du kan sjølv sette saman di eiga sparing med den samansetninga du sjølv ønsker. Dersom du ikkje vil ha aksjar i sparinga di, kan du velje reine rentefond med svært låg risiko. Du kan også velje sparing med berre aksjefond dersom det passar best for deg. Du kan endre fondssamansetninga di når du ønsker det, heilt kostnadsfritt.

Prat gjerne med oss om sparing

Har du spørsmål eller lurer kanskje på kva type sparing som passar for deg? Kontakt oss for ein prat. Du kan enkelt opprette spareavtalar sjølv, men det kan vere godt å ha nokon og sparre med før ein vel ulike fond og sparebeløp.
Har du allereie spareavtale, men vil endre på beløp eller trekkdato, kan du enkelt gjere dette via Norne, samarbeidspartnaren vår.

Ting folk lurer på

meirennbank.no om pensjonssparing

6 grunnar til å begynne med individuell pensjonssparing (IPS):

Ønskjer du å binde sparepengane dine fram til pensjonsalder, er individuell pensjonssparing (IPS) den rette spareforma for deg. 

Les heile saka

Pensjonseksperten sine spareråd

Har du oversikt på kva du vil få i pensjon, eller gjer du som mange andre; tenker at staten tar vare på deg?

Les heile saka