Økonomi kan vere eit krevjande aspekt i mange skilsmisser. Derfor kan det vere ein fordel å få oversikt over korleis alt det økonomiske heng saman, og korleis økonomien din vil sjå ut framover. Ei skilsmisse betyr ofte store økonomiske avgjersler. Her skal du få ei oversikt over korleis du kjem i gang med bu-fordelinga og eventuelt bustadsalet.

Kva gjer vi med hus og heim?

Truleg det første spørsmålet som dukkar opp ved eit påtenkt samlivsbrot, både for par med og utan barn. Her bør de sjå på eigen økonomi, og om det er mogleg for ein av partane å behalde eksisterande bustad. Dette er spørsmål som ein gjerne bør ta opp kvar for seg med bankrådgjevaren sin. Hos oss i banken kan de òg få ein indikasjon på kva bustaden er verdt.
  • Kor mykje lån vil eg eller den andre sitte igjen med?
  • Kva verdi har bustaden vår no?
  • Kva andel med eigenkapital gjekk kvar av oss inn med?
  • Kan vi bli einige om ei avtale?

Har de barn?

Alle par med barn som går frå kvarandre må møte til obligatorisk meklingstime hos Familievernkontoret. Her vil de sjå på kva bustadsadresse barna skal ha, og kva samvær dei skal få ha med kvar forelder. Dette vil påverke kven som får utbetalt barnetrygd, og i kva grad det blir snakk om barnebidrag. Det kan vere greitt å avtale korleis ein skal dekke utgifter til barnehage, SFO, fritidsaktivitetar, ytterkle, forsikring og sparing til barna. Og som med eigendelar, få alt ned i ei skriftleg avtale!

Ei lita sjekkliste