I Kongleriket bur det mange dyr som finn på mykje rart. På desse sidene kan du bli betre kjent med alle saman, og sjå kva aktivitetar du kan vere med på. Vi håpar du likar deg i Kongleriket, og lærer litt om sparing og økonomi på vegen.

Historier om Kongleriket

Har du høyrt om Pengetreet, Ønskebrønnen og Musepatruljen? Har du lyst å vite litt meir om Hjørdis Hjort, Bamsen Kåre Bjørn, Sjiraffen Sverre Moses, eller Apen Albert?

Her kan du høyre og lese historier frå Kongleriket og få eit innblikk i kva dyra der driv med.
Høyr og les om Kongleriket

Hels på Elin Ekorn og Kåre Bjørn

Kåre Bjørn og Elin Ekorn er maskotane i Kongleriket. Når dei ikkje er heime i Kongleriket, likar dei seg veldig godt ute blant folk og vere med på moroa. Dei elskar å bli tatt bilete av og å danse litt om sjansen byr seg. Er du heldig, kan møte dei på eit utval av banken sine arrangement.

Bli kjent med dyra i Kongleriket

Apen Albert

Apen Albert er rampete, energisk og nysgjerrig. Han er alltid høgt og lågt, umogleg å halde følgje med, full av gode idear og apestrekar. Han beundrar bamsen Kåre Bjørn enormt og diltar alltid etter han kvar han går. Han har insistert på å spele trommer i boogiebandet i Kongleriket. Albert bur i lag med Sverre Moses, og då må alltid Albert sprengfyre fordi Sverre Moses frys så lett.
Trykk på dyra for å lese om dei

Høyr spennande historier frå Kongleriket

Elin og Fiol

Anna og Kongleriket

Julehistoria

Konglesongen

Musepatruljen

Tvillingparet frå Afrika

Kva skjer i Kongleriket?

I Kongleriket har vi kjekke aktivitetar gjennom året, ved juletider kan barna blant anna vere med oss på gratis Konglekino. Vi har også to maskotar, Elin Ekorn og Kåre Bjørn som ofte er ute på arrangement og møter barna.

Bli med på Miniputt-turneringane i vår!

Ein ny sesong med Miniputt-turneringar er like rundt hjørnet. Her finn du datoar for årets turneringar, og mykje anna info. Vi gler oss til å sjå deg på fotballbana!
Sjå meir om Miniputt-turneringane