– Å kjøpe bustad er eit stort steg å ta, og det skal følast trygt for kunden

Sparebanken Sogn og Fjordane har dei mest fornøgde bustadlånkundane i landet. Inger Merethe Høydal er kunderådgjevar i banken, og ho er ikkje i tvil om kva som er grunnen.
– Det må vere tilgjengelegheita og fleksibiliteten. Kundane mine har mobilnummeret mitt og kan ringe meg direkte. I mange andre bankar har ein gjerne ingen kontaktperson, og iallfall ikkje direktenummeret, seier Høydal. 
– Alle lånekundane i Sparebanken Sogn og Fjordane har sin eigen kunderådgjevar, og det gir kundane uttrykk for at dei set pris på, held kunderådgjevaren fram.
Landets mest fornøgde bustadlånkundar
Kvart år vert det gjennomført ei stor undersøking blant bankar i Norge, nemleg EPSI Rating. Den undersøker kor fornøgde kundane er med banken sin. I den nyaste undersøkinga frå 2019 kjem Sparebanken Sogn og Fjordane veldig godt ut på mange punkt, og på spørsmålet om kva bank som har dei mest fornøgde bustadlånkundane tronar Sparebanken Sogn og Fjordane heilt øvst.
– Det å kjøpe bustad er eit stort steg å ta. Det må følast trygt for kunden. Vi har kundar overalt i heile landet, og mange av desse er ungdommar. Og dei vil snakke. Rett og slett ha nokon å diskutere med. Med mange går vi fleire rundar før dei gjer kjøpet, og for oss i banken er det viktig at dei sjølv er trygge på at dei har gjort det rette, seier Høydal.
God lokalkunnskap
Sparebanken Sogn og Fjordane har 13 kontor i Sogn og Fjordane, i tillegg til eit i Bergen. Sjølv jobbar Høydal i Florø.
– Ved alle kontora våre jobbar det dyktige rådgjevarar med god lokalkunnskap. I tillegg legg vi igjen store summar i lokalmiljøa gjennom at vi støttar lokale lag og organisasjonar. Dette blir også lagt merke til av kundane, og er ofte eit tema i kundesamtalen, seier Høydal, og legg til:
– Vi takkar kundane våre for tilliten dei viser oss, og vi skal gjere alt vi kan for å oppretthalde den. Og så har vi sjølvsagt plass til mange fleire, og dei er hjarteleg velkomne!

Slik går eit bustadkjøp føre seg

Skal du kjøpe bustad? Her kan du lese om korleis vegen er frå du kontaktar banken til du står med nøkkelen i handa.