Ørjan - vår bransjeansvarlege for reiseliv
Ørjan Skåden er fruktbonde, har jobba i banken i 17 år, og har vore bransjeansvarleg like lenge. Han har stor interesse for næringa, og har etterkvart bygd seg eit solid nettverk i bransjen.
«Reiselivsnæringa er ikkje berre for turistar, den tilfører også mange gode tilbod og aktivitetar for innbyggjarane og skaper bulyst. Å vere tett på denne næringa, synest eg er ein veldig spennande jobb».