- Den personlege relasjonen har alt å seie

Familien Konstali-Lødemel i Stryn har fleire ulike byggjeprosjekt bak seg. Dei veit alt om kor viktig det er med ein personleg bankrelasjon.
– Det er rådgjevaren min, Aslaug Valaker, som er banken for meg, seier Jarle Konstali-Lødemel, kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Best på tillit og omdømme
Denne veka kom resultata frå EPSI Rating Norge si årlege kundeundersøking i bankbransjen, og Sparebanken Sogn og Fjordane tronar på førsteplass blant anna når det gjeld tillit og omdømme. Lødemel er klar på at dette er viktige punkt også for han.

– Når den personlege relasjonen fungerer så bra, så ser eg ikkje noko grunn til å byte bank. Sjølvsagt påverkar pris og vilkår, men når det er på plass, så har den personlege relasjonen alt å seie, og det trur eg mange kjenner seg igjen i, seier Lødemel.

– Det er svært kjekt å få slike tilbakemeldingar frå kundane. Som bank jobbar vi kvar dag for å skape tillit, og det er veldig hyggeleg at kundane er fornøgde med den jobben rådgjevarane gjer, seier Aslaug Valaker.
Imøtekommande og løysingsorientert
Jarle er lærar på Stryn Vidaregåande og har vore lærar i 15 år. Tidlegare har han jobba i lokalradio, vore miljøarbeidar og har også vore innom snikkaryrket.

– Det har blitt litt ulike byggjeprosjekt, og i tillegg har vi ein fritidsbustad på Voss som vi styrer med. Då treng vi lån, rådgjeving og hjelp frå banken. Då er det veldig godt å ha Aslaug.

Han held fram:
– Ho er så imøtekommande, så løysingsorientert og så positiv. Når ein ringer og ber om å auke lånet, så kan jo det vere litt ubehageleg, men for ho er det den mest naturlege ting i verda. Ho ufarleggjer det veldig, og eg har aldri møtt på utfordringar med ho, seier Lødemel.

Delt økonomiansvar
Familien på fem består av far Jarle, mor Hilde og tre gutar på 9, 13 og 15 år. Det er ein travel kvardag og mykje som skal gå opp. Ein tydeleg økonomisjef har dei likevel ikkje.

– Det er eg som betaler rekningar og har oversikt i nettbanken, medan kona har ansvaret for å halde forbruket nede. Det er ho som må gjere dei fleste innkjøpa. Å sende meg på butikken er veldig lite effektivt; eg møter altfor mange kjente til at eg klarer å få med dei varene som var planen, ler han.

Både Jarle og banken er opptatt av eit levande lokalsamfunn; han som styremedlem i Stryn friidrett og banken som gåveinstitutt til kultur og idrett. I EPSI si kundeundersøking svarer svært mange av kundane våre at banken bidreg til lokalsamfunnet.
– Det at banken er synleg i lokalmiljøet med gåver og sponsing har mykje å seie for kor ein vel å vere kunde, avsluttar Lødemel.