
GÅVEFEST: Her er nokre av dei som i vår har fått pengar i Årdal og Sogndal.
Publisert 26. mai 2023Over to millionar til prosjekt i Årdal og Sogndal kommune
Våren betyr tid for gåveutdelingar. I kommunane Årdal og Sogndal har 16 spennande prosjekt fått til saman 2 265 000 kroner.
Sjå oversikt over alle gåvene heilt nedst i artikkelen (på mobil) eller til høgre (på PC).
– Dette har vore ei veldig bra runde med mange gode prosjekt i området vårt. Det er mange som jobbar kjempegodt for lokalsamfunna sine, og det er det kjekt å få vere med å støtte.
Det seier Laila Ruud, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på privatmarknaden i Sogn. Ho er blant dei som i vår har delt ut gåver til gode formål i kommunane Årdal og Sogndal.
Totalt 2 265 000 kroner er delt ut i gåver her. Gåvene er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Dette gjev motivasjon
To av dei heldige mottakarane er Stadheimgarden Grendalag og Kjørnes Velforening. Desse var tidlegare i mai innom banken i Sogndal og fekk kvar si gåve.
– Dette er eit godt bidrag til vidareutvikling av aktivitetsparken vår. Bustadområda er avhengig av frivillig innsats for utvikling, og vi er heilt avhengig av eksterne midlar for å få ting til å skje. Desse midlane skal gå til lyssetting av aktivitetsparken slik at den kan brukast heile året, seier Turid Skrede i Kjørnes Velforening etter å ha fått sjekken på 80 000 kroner.
For Stadheimgarden Grendalag var det Anita Instefjord som tok imot deira sjekk på 75 000 kroner.
– Det å få midlar gjev ein boost og motivasjon. For å lage gode lokalsamfunn og gode og levande møteplassar for store og små så treng vi litt draghjelp. Desse pengane går til lavvo, leikeapparat og plantar og tre, seier Instefjord.
– Fantastisk innsats for lokalsamfunna
Gåveutdelingane tjuvstarta då IL Jotun feira 100 år i slutten av mars. Det var også her vårens største gåve i Sogn vart delt ut. Skigruppa til IL Jotun kan nemleg juble for 500 000 kroner til ny trakkemaskin.
– At innsatsen og dugnadstimane vi legg ned vert verdsett på denne måten, er svært rørande, men og motiverande for vidare drift, sa Audun Hestetun, leiar i skigruppa, til Sogn Avis etter tildelinga. Også Porten skreiv om denne.
Nesten like stor gåve fekk Sogn Terrengsykkel då dei under eit frukostmøte som banken arrangerte på Kaupanger i mai fekk tildelt 450 000 kroner. Denne gåva skal vere med å finansiere nye sykkelstiar.
– Vi i banken vil gjerne takke alle i regionen vår for den fantastiske innsatsen som vert lagt ned rundt omkring for lokalsamfunna våre. Gratulerer til alle gåvemottakarane, og så gler vi oss allereie til hausten og ny runde, seier Laila Ruud.
Les du dette på mobil så finn du oversikt over alle mottakarane i Årdal og Sogndal kommune nedst i denne artikkelen. Sit du på PC finn du lista til høgre.
Her følger bilde frå nokre av dei heldige mottakarane:

NY MASKIN: I Balestrand kan Trond Sundby (t.v.), Jørgen Hundseth, Einar Målsnes og alle som er glade i Saurdal Skiarena glise for ny trakkemaskin.

I ÅRDAL: Laila Ruud (banksjef privatmarknad), Magne Knudsen (Årdalstangen IL), Kristian Rasmussen (Årdal E-sport) og Geir Kjetil Øvstetun (Målrock).

RØDE KORS OG SYKKEL: Knut Henning Grepstad (t.v.), Jan Petter Vadheim (banksjef bedriftsmarknad) og Otto Eikeset.

I SOGNDAL: Framme frå venstre: Elisabeth Sætren, Turid Skrede og Anita Instefjord. Bak står kunderådgjevarane Trond Eiken, Randi Wolff, Signhild Sperle og Ann Kitty Wathne.

TIL TURN: På IL Jotun sin 100-årsdag fekk Ingeborg Hjelle og turngruppa 40 000 kroner.

VÅRENS STØRSTE: Skigruppa til IL Jotun, ved Audun Hestetun, fekk ein halv million kroner.

SYKKELBANE: I Rutlinslid ønsker Vestre Leite Grendalag at store og små snart skal få seg pumptrack.

Desse fekk gåve i Årdal og Sogndal kommune:
IL JOTUN, TURNGRUPPA: 40 000 kroner til sommarcamp/aktivitetsveke
IL JOTUN, SKIGRUPPA: 500 000 kroner til trakkemaskin
STADHEIMGARDEN GRENDALAG: 75 000 kroner til leikeplass
VENER AV BALESTRANDSFJELLA: 200 000 kroner til sikringsbu
BALESTRAND IDRETTSLAG: 250 000 kroner til trakkemaskin
ÅRDALSTANGEN IDRETTSLAG: 150 000 kroner til LED-lys i lysløype
IDRETTSLAGET SYRIL: 25 000 kroner til Kjeringi open
ÅRDAL E-SPORT: 25 000 kroner til lyddemping i spellokale
SOGN TERRENGSYKKEL: 450 000 kroner til nye sykkelstiar på Kaupanger
IDRETTSLAGET SYRIL: 40 000 kroner til kastbur friidrett
VESTRE LEITE GRENDALAG: 200 000 kroner til pumptrack
FRES FESTIVAL: 60 000 kroner til årets festival
LEIKANGER RØDE KORS: 100 000 kroner til oppgradering av Røde Kors-huset
STIFTINGA MÅLROCK: 50 000 kroner til Grønare festival: kjeldesortering
AKKS BERGEN: 20 000 kroner til Eggstockfestival/fagdagar Sogndal
KJØRNES VELFORENING: 80 000 kroner til lys til aktivitetsanlegg
Siste frå meirennbank.no

Sjå alle som har fått gåve i Kinn, Bremanger og Selje
Tursti i Selje, instrument til musikklag, sikringshytte på Gjegnabu og nytt lydanlegg til kinoen i Bremanger. Dette er fire av dei mange gåvene som er delt ut i Kinn, Bremanger og Selje i vår.
Gåve til historisk hus i Førde2. juni 2023
Her vert EM-klare Erik overraska med stipend25. mai 2023