Otilie og Sondre er to av 1000 elevar som får økonomiopplæring av banken



SJEF I EIGE LIV: Sondre og Otilie er elevar ved Hafstad vidaregåande skule, og saman med resten av klassen sin var dei innom banken i Førde og fekk opplæring i privatøkonomi.

3. februar 2020 – Kristian Helle

Andreklassingane Sondre og Otilie er blant 1000 elevar som i desse dagar får sjansen til å bli «Sjef i eige liv».
For sjuande året på rad får elevar ved vidaregåande skular i heile Sogn og Fjordane økonomiopplæring av Sparebanken Sogn og Fjordane. «Sjef i eige liv» er namnet på opplæringsprogrammet, og det vert gjennomført av banken sine eigne tilsette.
– Det er veldig interessant og veldig annleis enn den undervisninga vi er vande med. Dette er meir praktisk, seier Sondre Nikolai Hennøen, som saman med dei andre klassevenene er innom banken i Førde og startar skuledagen med opplæring i privatøkonomi.
Sondre går i 2. klasse på linja «Kunst, design og arkitektur» ved Hafstad vidaregåande skule.
(saka held fram under)


– Interessant å sjå forskjellane
«Sjef i eige liv» går ut på at elevane vel seg eit yrkeskort der dei får oppgitt månadsløn for sitt yrke. Basert på dette set elevane opp eit budsjett, og etterkvart som dei fyller ut kostnadane knytt til bustad, bil, fritidsaktivitetar, mediebruk, mat og kle, vil dei sjå kor lenge dei må spare for å få nok eigenkapital til å kjøpe sin første bustad.
– Det var veldig kjekt å få prøve dette sjølv, og det var interessant å sjå forskjellane på det ein tener i forskjellige yrker og kva det utgjer, seier Otilie Endestad Haaland, også ho andreklassing på Hafstad VGS.
I løpet av dei sju åra banken har gjennomført programmet har rundt 7000 elevar blitt lært opp i privatøkonomi.
– Det var fint å få eit innblikk i kva ein bør prioritere, meiner Otilie.
(saka held fram under)


Ein del av samfunnsansvaret
Denne runda med «Sjef i eige liv» starta opp igjen i januar, og utover vinteren og våren vert det gjennomført ved vidaregåande skular i heile Sogn og Fjordane. Kurset er det som nemnd banken sine eigne tilsette som står for, og i Førde denne dagen er det kunderådgjevarane Dagfrid Vallestad Brevik og Anne Marie Håheim som er i elden.
– Vi ønsker å gjere ungdommane bevisste på eigen økonomi, og at det dei gjer i kvardagen i dag påverkar framtida deira. Små impulskjøp vert i lengda store summar. Vi får gode tilbakemeldingar på opplegget vårt, og det er veldig kjekt å høyre kva tankar elevane har om økonomi, seier Vallestad Brevik.
I tillegg til «Sjef i eige liv», har banken også eit tilsvarande program for ungdomsskuleelevar som heiter «Økonomi og karriereval». Begge deler vert gjennomført i samarbeid med Ungt Entreprenørskap, som er eit viktig bindeledd mellom skule og næringsliv, og som banken har hatt ei veldig godt samarbeid med i mange år.


Dagfrid Vallestad Brevik (t.v.) og Anne Marie Håheim er to av fleire tilsette i banken som gjennomfører «Sjef i eige liv».

Siste frå meirennbank.no

Slik tar du vårsjekken på økonomien

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

Les heile saka
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024