Skadedyrdekning inkludert i reiseforsikringa


Som einaste selskap har Frende tatt inn dekning for bekjempelse av veggedyr og kakerlakkar i reiseforsikringa.
Tanken på å ha eit blodsugande insekt i senga er eit mareritt for dei aller fleste. Men sanninga er at stadig fleire norske hushaldningar blir ramma av veggedyr, som kanskje er betre kjent som «bed bugs». Årleg blir det registrert rundt 2500 tilfelle av veggedyr i Norge. Dette er tilfelle som har blitt løyst av profesjonelle skadedyrfirma, talet på antal eksisterande angrep er langt høgare.

Dekka på reise eller innbu

Enkelte av reiseforsikringskundane har skadedyrdekning under hus- eller innbuforsikringa.
Det er ein stor fordel å bekjempe udyra før dei får «satt seg» i heimen, og derfor har Frende inkludert bekjempelse av veggedyr og kakerlakkar i reiseforsikringa.
Når du kjem heim og oppdagar at du har fått med deg veggedyr, får du hjelp av profesjonelle skadedyrbekjemparar til å fjerne dei. Reiseforsikringa er framleis utan eigenandel, og prisen aukar ikkje med ny dekning.

Kva er veggedyr?

Veggedyra er parasittar som lever av blodet ditt. Dei likar seg aller best der dei får ete i fred og ro, det vil sei når du ligg og søv i senga. Dei er ekstremt overlevelsesdyktige, og kan klare seg i over eit år utan mat. Då ligg dei i ein slags dvale, inntil dei har tilgang på mat igjen. Har du først fått veggedyr heime, kan det vere ei utfordring å få bukt med problemet. Og dei er ikkje kresne: hytte, campingplass, idrettsarrangement eller femstjerners hotell – veggedyra trivst like godt.

Fem tips for å unngå veggedyr

  • Ikkje legg kofferten oppå eller under hotellsenga. Sjekk også bager nøye viss barna dine har vore på idrettsarrangement.
  • Vask alle klea dine når du kjem heim, helst på seksti grader.
  • Sjekk pc og mobilcover godt, særleg viss du har for vane å lade desse opp på sengekanten. Veggedyr elskar nemleg varme, og kan søke tilflukt i deksel/tastatur.
  • Sørg for å oppbevare bagasjen mest mogleg lukka, og gjerne på ei hylle når du er på ferie.
  • Sjekk gjerne rundt senga og madrassa etter mørke ekskrementflekkar. Dette kan du også gjere heime viss du har mistanke om at du har fått ubedne gjestar. Finn du spor etter veggedyr, gi hotellet beskjed om problemet.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024