Med jamne mellomrom høyrer vi om innbrot i nærområdet, og tjuvane blir stadig meir profesjonelle. Her får du våre beste råd om enkle grep som du sjølv kan gjere for å sikre heimen din.
Lat igjen og lås
Det er best å begynne med dørene og låsane når du sikrar huset ditt. Husk at alle ytterdørene må sikrast, også kjøkken- og terrassedør. Ytterdørene bør ha to låsar og minst èin av låsene bør vere FG-godkjent.
Ha lys på
Eit mørkt hus er teikn på at det ikkje er nokon heime. La gjerne eit par lampar vere på i huset når du reiser i frå det. Du kan også la radioen stå på. Ei god løysing kan vere å montere tidsur på nokre av lampene så dei slår seg på og av når du ikkje er heime. Utandørsbelysning som slår seg på automatisk når nokon bevegar seg nært huset, kan skremme tjuven. Når utendørslyset går på, er det enklare for naboar og forbipasserande å oppdage eit innbrot i tide.
Lat som du er heime
Du kan gjerne gi inntrykk av at du er heime og at det bur folk der. La det daglege smårotet ligge framme, og det kan også vere lurt å vidarekople fasttelefonen til mobiltelefonen. Står det ein bil parkert framfor huset, trur sannsynlegvis tjuven at det er nokon heime. La derfor naboen eller nokon som jobbar i nærleiken få parkere framfor huset ditt når du ikkje er heime, og la dei gjerne bruke tørkesnora utanfor også.
Gjer det vanskeleg
Fysiske hindringar gjer at tjuvane brukar lengre tid og lagar meir bråk. Har du spesielt utsatte vindauge i kjellar eller i låg etasje bør desse sikrast med eigen lås. I tillegg bør listene rundt vindauga sikrast med einvegsskruar for å hindre at rutene kan vippast ut. Lås hagereiskapane inn i kjellar eller uthus og lås fast stigen, slik at tjuvane ikkje kan bruke dette som hjelp til å bryte seg inn i huset ditt. Pass ekstra godt på vindauge og dører der det ikkje er innsyn frå naboar, her kan tjuvane jobbe i fred og ta seg god tid. Du bør også vurdere å oppbevare dei mest verdifulle gjenstandane dine i bankboks.
Installer alarm
Ein alarm kan vere eit godt supplement til generell sikring av huset, både for å førebygge innbrot, for å varsle om at det har skjedd noko og for å avgrense skadane. Ta kontakt med eit FG-godkjent firma for montering av alarm. Det er svært sjeldan innbrot i bustader med alarm. På innbo- og bustadforsikringane i Frende kan du sjølv velje eigenandel fra 2.000 og 4.000 til 30.000 kroner. Det blir ikkje trekt eigenandel ved tjuveri viss tjuverialarm tilknyttet vaktsentral var i bruk på skadetidspunktet, og heller ikkje på skade som åleine rammar overspenningsvern, brannalarm eller innbrotsalarm.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024