Tips for å unngå ID-tjuveri


ID-tjuvane har sine triks for å lure deg, men med nokre enkle rutiner kan du gjere jobben langt vanskelagre for dei.

Slik kan du unngå nettmisbruk og ID-tjuveri

  • Oppbevar pass og andre personlege papir på ein plass som gjer det vanskeleg for ein innbrotstjuv å finne dei.
  • Tøm postkassa jamnleg. Ha gjerne ein lås på den.
  • Ver på vakt dersom du blir bedt om å oppgi personlege opplysningar i ein e-post. Det kan vere svindelmail.
  • Har du fått ein e-post du er usikker på om er ekte? Ring avsendaren og spør om dei har sendt deg ein e-post før du eventuelt svarer.
  • Oppbevar aldri kort og PIN-kode på same plass.
  • Beskytt datamaskina di med antivirusprogram.
  • Ikkje la personleg informasjon ligge ope ute på sosiale medium.
  • Øydelegg og kast personlege papir og kort som du ikkje bruker.
  • Kontroller alltid kontoutskrifter. Sei i frå til banken din om det er noko som ikkje stemmer.
  • Ver merksam dersom du har mottatt adressert post som du ikkje forstår grunnlaget for. Det kan vere ein faktura, eit avtaleforslag eller liknande.
  • Beskytt alltid PIN-koden din når du handlar eller tar ut pengar. Blir kortet ditt stole, kontakt banken med ein gang for å få det sperra.

Her er nokre teikn på at du kan vere utsatt for ID-tjuveri:

  • Du mottar varer eller fakturaer for varer du ikkje har bestilt.
  • Du mottar telefonar, post eller e-post om varer du ikkje har kjøpt eller bestilt.
  • Du oppdagar ukjente transaksjonar på kredittkort eller bankkort.
  • Du mottar informasjon om at nokon har gjort ein kredittsjekk på deg utan at du veit årsaka.
  • Du mottar varsel om adresseendring.
  • Du mottar informasjon om at du har fått innvilga ei kredittramme du ikkje har bedt om.

Det er mange former for nettmisbruk – for eksempel:

  • Bilete og videoar på avvege
  • Krenkande kommentarar eller truslar
  • Personlege opplysningar om deg spreidd av andre
  • Hacking av e-postkonto, mobil eller pc
  • Falske profilar i ditt namn på sosiale medium
  • Barna dine blir hengt ut og mobba på nettet
  • Stolen informasjon blir brukt til utpressing

Slik hjelper Frende deg:

Har nokon stole dine private bilder? Er familievideoane lekka på nettet? Blir barna dine mobba på sosiale medium? Frende hjelper deg å ta tilbake kontrollen.
Med Frende si innbuforsikring (https://www.ssf.no/privat/forsikring/hus-og-innbu/) er du dekka ved nettmisbruk og ID-tjuveri. Dekninga er inkludert i innbuforsikringa for hus – heilt utan ekstra kostnad.
Det er ein stor og tidkrevjande jobb å skulle ta opp kampen mot nettmisbruk sjølv. Derfor er vi her for deg. Frende sporar opp og fjerner materialet frå nettet og du får ein personleg saksbehandlar.
Vi veit at saker om deg og dine er sensitive og jobbar sjølvsagt under full diskresjon. Frende sitt team er ekspertar innan personleg nettsikkerheit.

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024
Billettane er vekkrivne – no er dei klare for frisbee-fest!29. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024