Vi har blant landets mest fornøgde kundar!



Vi lovar å stå på vidare for deg!

14. feburar 2020 – Johanne Sandnes og Kristian Helle (redigert 08.11.22)

I konkurranse med bedrifter frå elleve ulike bransjar i Norge, er Sparebanken Sogn og Fjordane på andreplass på kundetilfredsheit hos privatkundar.
Det viser EPSI Rating Norge sin bransjeanalyse for 2019.
Gjennom heile året har 14 500 privatkundar blitt intervjua om deira oppleving med ulike varer og tenester.
– Tusen takk!
Resultatet er fantastisk med Sparebanken Sogn og Fjordane på andreplass! Denne plassen deler banken med Fjordkraft Mobil, like bak vinnar Sbanken.
– Vi er stolte over dette resultatet, og det gir oss stor motivasjon til og fortsette å jobbe hardt kvar dag for kundane våre , seier Linda Vøllestad Westbye, Sparebanken Sogn og Fjordane sin direktør for privatmarknaden.
I tillegg scorar banken også svært høgt om ein ser på den delen av undersøkinga som handlar om tillit hos privatkundar. Faktisk heilt øvst!
Også på servicenivå er det pallplass.
– Tusen takk for tilliten! Vi skal jobbe knallhardt vidare for deg som allereie er kunde, og for alle nye kundar. Vi er her for deg, seier Vøllestad Westbye.

Fleire gode resultat
I fjor haust vart vi også kåra blant dei aller beste bankane når det gjeld samla kundeoppleving i privatmarknaden, og der hadde vi førsteplassen på:
  • Tillit
  • Kunderelasjon
  • Mest fornøgde bustadlånkundane
  • Å gje tilbake til lokalsamfunnet

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024