Studiestarten er her – sjekk Dani sine økonomitips

GODE RÅD: Er du student? Kunderådgjevar Dani Kvamme Nordnes har gode råd til deg.
Studieåret er her! Er du student har vi her nokre gode økonomitips til deg frå Dani Kvamme Nordnes, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Det første du bør gjere er å lage deg eit budsjett. Kor mykje får du inn i løpet av månaden og kor mykje utgifter har du? Denne oversikta er veldig viktig å skaffe seg, for då veit du kor mykje du kan bruke, seier Dani.
– Mat er ein veldig stor utgiftspost, og her er det lurt å lage vekesplanar. Då er det ofte nok å handle éin gong i veka, og på denne måten unngår du også unødvendige impulskjøp som i lengda blir dyrt og kan føre til matsvinn, held han fram.

Gjenbruk og BSU

I tillegg til budsjett peikar kunderådgjevaren på fleire ting som er viktig for studentøkonomien.

– Gjenbruk er bra! Kjøp brukte ting. Det kan for eksempel vere skulebøker eller møblar før du flyttar inn i leiligheita eller hybelen din. Mange kjøper også klede brukt, og det er veldig fint. Her er Tise ein smart app, seier Dani.

Studietida tek sjølvsagt mykje tid og energi, men om du har moglegheit til å skaffe deg ein deltidsjobb på kveldstid og i feriane er det bra for lommeboka. Og då kan det også vere mogleg å spare litt pengar samstundes som du studerer.

– Har du skattbar inntekt medan du studerer er det lurt å spare i BSU. På ein BSU-konto er det mogleg å setje inn 27 500 kroner i året, og dersom du klarer det så får du eit skattefrådrag på 2750 kroner.

Forsikringar, bevisst på pris og betal i tide

Forsikringar må du også ha, og her trekker Dani fram innbuforsikring, reiseforsikring, uføreforsikring og ulykkesforsikring.
– Men hugs å sjekke om du allereie er forsikra, for det kan nemleg vere at foreldra dine sine forsikringar allereie dekker deg, seier Dani.
Sjekk gjerne meir om dei ulike forsikringane som vi tilbyr i samarbeid med Frende Forsikring.
Til slutt har Dani to tips til som også er viktig å tenke på som student. Det er det å vere prisbevisst, og at du må hugse å betale rekningane dine i tide.
– Du kan spare mykje med å vere prisbevisst. Lag deg gode vanar og samanlikn prisar. Kva butikk handlar du på? Kor ofte handlar du? Slike ting kan bety mykje for lommeboka di. Og treng du både TV 2 Sumo, Netflix, HBO og Viaplay? Om du varierer litt og abonnerer på nokre strøymetenester no, og andre då, så sparer du mykje, seier Dani og smiler.
– Og når det gjeld rekningane dine så betal dei i tide. Unngå purregebyr og betal rekningar ved forfall. Eit godt tips er å legge inn faste utgifter som eFaktura eller AvtaleGiro, for då gløymer du dei ikkje. Og ikkje bruk kredittkort eller forbrukslån som buffer, rådar Sparebanken Sogn og Fjordane sin kunderådgjevar.
Vi ønsker alle studentar lukke til med studietida!

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024